Hotel Dølen - Setesdals eldste hotell finn du sentralt på Evje
Hotellet har ein særmerkt arkitektur og vart bygt i 1921 etter ein brann i 1917. Hotel Dølen ligg flott til med elva Otra på eine sida og Riksveg 9 på den andre, og er ein naturleg stoppestad for reisande mellom aust og vest. Hotellet har 11 rom med bad, og ein minisuite . Alle romma fekk nye senger i februar 2005. Vi kan og arrangere møter og kurs og har sjølvsagt AV- utstyr samt trådlaust internett. Vi har og ein triveleg bar og pub med alle skjenkerettar. Ny, stor uteterrasse med utsikt over elva Otra vart bygd sommaren 2005. I restaurant ”Biblioteket” serverer vi enkel norsk bondekost kvar dag. I tillegg kan du velje frå ein rikhaldig à la carte meny med store porsjonar til hyggelege prisar. Restauranten er ope tysdag – søndag.  



60km fra Kristiansand

200km fra Stavanger

80km fra Arendal

330km fra Oslo